Dette skapar stadig større klasseskilje. Sjølv i område av Oslo der bustadprisen er lågast, er det mange som slit alvorleg med å betala kostnaden. Bukostnaden er blitt den største drivaren bak avhengigheit av økonomisk sosialhjelp.Spørsmålet framfor kommunevalget til neste år blir: Kva gjer vi med dette?
Det må byggjast fleire bustadar, men vi byggjer oss likevel ikkje ut av krisa, fordi fleire bustader gir nødvendigvis ikkje lågare prisar. Det er i tillegg behov for både sterkare regulering og betre finansieringsordningar.
Særleg i Oslo må bydelane gjennom ordningar i Husbanken kunne hjelpe fleire til å kunne etablere seg til ein overkommeleg pris. Stabiliserer ein bustadsituasjonen for folk, stabiliserer ein også livssituasjonen for mange.
Stovner Arbeiderparti set bustadpolitikken på dagsorden. Tirsdag 6. september arrangerer vi opent møte om temaet. Vi har slett ikkje alle svara, men vi veit så inderleg at meir må gjerast. På møtet vil Arbeidarpartiets bustadspolitiske talsperson, Siri Staalesen, Oslo, ta opp ulike utfordringar som må løysast.
I tillegg vil avdelingsdirektør for arbeid, velferd og lokalsamfunn i Stovner bydel snakke om bydelens boligsosialpoliitske verkemiddel. Borettslag, boligsameier og fleire er invitert. Vi håper på god debatt og gode innspel. Vi arrangerer også liknande møte om eldrepolitikk den 15. september.