c8160895adab9.jpg

Rettferdig helsetilbud

Om ein reiser med fly frå Gardermoen legg ein raskt merke til at i sikkerheitskøa er nokon likare enn andre. «Fast-track» i kontrollen lar dei som har råd til det spare tid på ein prosess som alle må igjennom. Dette bør ikkje vere eit frampeik til korleis helsevesenet i Noreg skal fungere i framtida!

Allereie i dag er det slik at om du for eksempel treng MR-scanning er det mogleg å betale seg forbi køa. Spørsmålet «har du privat helseforsikring» kjem opp, og er svaret ja kan du få dette nærast på dagen, og slepp ei lang kø. Dette er opplagt ikkje ein rettferdig situasjon! Forskjellsbehandling etter rikdom, å kunne kjøpe seg fram i køa, er ein uting. Det verdsett livet til den som har mykje over livet til den som har lite.

Nokon vil argumentere at det ikkje blir dårlegare tilbod i det offentlege av at kommersielle private tilbod finst, men det er ikkje riktig. Den viktigste ressursen i heile helse og omsorg-sektoren er dyktige fagfolk på alle nivå! Det blir ikkje fleire sjukepleiarar av at nokon av dei arbeider for Aleris eller Volvat, tvert imot fører det til underbemanning og problemer med å rekruttere til dei offentlege sjukehusa. Mange dyktige mennesker arbeider no i kommersielle klinikkar, som ikkje prioriterer dei vanskeligste og relativt dårlig betalte medisinske problema. Slike problem vert stort sett overlatt til offentlege sjukehus som ikkje kan seie nei til å behandle.

Det er ei frykt som har fått vekse fram, frykta for å ikkje få behandlinga du treng, eller dei som er nær deg. Det er klart at å stagge den frykta er viktig for folk! Medan ein del av oss kan ha råd til å kjøpe seg private helseforsikringer, eller får det gjennom jobben, er dei som sitt nederst ved bordet heilt avhengige av det vi klarar å bygge i det offentlege helsevesenet. Privatisering tar oss i ei retning der det offentlege tilbodet vert kutta til beinet, til det er eit minimumstilbod som berre gjer det aller mest kritiske. Det fører til ei todeling i samfunnet, der helsa til folk i større grad heng saman med rikdom. Vi treng eit offentleg helsevesen som er sterkt nok til at vi alle kan stole på at vi får eit godt tilbod der, at vi får den behandlinga vi treng.

Stem på eit parti som er mot privatisering, og for eit godt og rettferdig helsetilbod. Stem SV!
Atgeirr Flø Rasmussen og Trine Dønhaug,
bystyrekandidatar for Oslo SV