Alt dette er menneskeskapt, og alt går an å bremsa eller snu. Vi treng sterkare og betre internasjonalt samarbeid og styring. Tapt makt må vinnast tilbake og ny makt skapast, demokrati må byggjast og det trengst ein langt sterkare regulering av økonomi som opererer globalt. Og vi kan gjera mykje sjølve i Norge. Vi er langt frå eit land på kanten av katastrofen.
Men det er utviklingstrekk som ikkje er bra. Meir enn på lenge må vi ta vare på, bruka og utvikla demokratiet. Vi må ikkje få ei medieutvikling som liknar den vi har i ein del andre land, særleg USA, der det er mektige kapitalkrefter som i stor grad styrer informasjonstilgangen.
Gjennom meir enn hundre år har Norge hatt ei rivande utvikling når det gjeld aviser. Lokalaviser, regionaviser og riksaviser har vore meiningsberande. Dei har gitt folk innsyn og kunnskap om samfunnet i smått og stort. NRK, som vår rikskanal i nær hundre år, har formidla politikk, kultur, idrett og anna samfunnsliv heim til folk. Arbeidarrørsla hadde aldri hatt det fotfeste og den store betydning den har hatt for samfunnsutviklinga i store deler av det førre hundreåret utan ei sterk presse. Partiaviser er etter kvart blitt historie, og den teknologiske utviklinga har endra media og medievaner radikalt.
Vi har likevel i dag eit omfang og mangfald, som hindrar einsretting og manipulasjon med fakta. Men vi skal vera på vakt.
NORVALD MO FOTO: Rolf E. Wulff
Det er for eksempel svært alvorleg når Framstegspartiet i utkast til nytt partiprogram føreslår å gjera om NRK til aksjeselskap og selja staten sine aksjar. Det vil bety at vår offentlege allmennkringkastar vil kunne bli overtatt av sterke kapitalinteresser, nasjonale eller internasjonale, og dermed kunne endra radikalt den rolla ein offentleg allmennkringkastar skal ha i eit demokratisk samfunn.
Tenk på kva NRK med sine ulike kanalar, både breie og smale, uavhengig av kapitalinteresser, betyr for formidling at stoff over ein stor skala. Med eit privatisert selskap vil det bli heilt annleis. Det vil ikkje bli slutt på den kritiske journaliststikken, men den journalistikken som rettar seg mot dei som har økonomiske interesser inn mot medieeigarane vil forsvinna som dogg for sola. Slik er det ikkje i Norge med ein fri og uavhengig offentleg kringkastar innanfor rammene av det eit demokratisk samfunn trekker opp.
La oss tenke tanken at nokre av våre milliardærar hadde kjøpt opp eit NRK som var lagt ut for salg. Fleire av oppkjøparane kunne koma frå oppdrettsnæringa. Er det grunn for å tru at eit slikt privatisert medie ville laga sakleg og kritisk stoff om laksedød, forureina fjordar og styrtrike eigararar?
Det andre, og like alvorlege, er at Framstegspartiet går inn for å fjerna all statsstøtte til media. Om det hadde skjedd, ville det bli eit ras av nedleggingar av særleg lokalaviser og meiningsberande media.
Vi opplever i vårt samfunn at dei aller rikaste opprettar stiftingar, for å sikra seg kontroll og styring med sin personlege formue. Fleire gjer det i gode hensikter. Men vi må ikkje vera naive. Det er nok dei som vil gjera det for å sikra seg meir makt over samfunnet. Da er makt over informasjonstilgangen viktig.
Stortingsvalget til hausten må i høgste rekkje også dreia seg om mediemakt og demokrati.
Norvald Mo
Medlem Stovner og Vestli Arbeiderpartilag