Norvald Mo Foto:
Norvald Mo Foto:Bilde 1 av 1

Debatt:

– Total skivebom av Frp

Fremskrittspartiets Ombir Upadhyay, som er kandidat til bystyret og til Stovner bydelsutvalg, irriterer seg kraftig over investeringar i sykkelveier. Han skriv 28. august: "Jeg har ofte observert at flotte sykkelveier som har kostet milliarder, står nesten tomme" og vidare at sykkelveier "blir brukt av mer enn 1 promille av befolkningen". Eg kan ikkje benekte at Ypadhyay kan ha observert det slik, men hans observasjonar er totalt i strid med alt av undersøkingar som er gjort i Oslo om sykkelbruk.

Ulike undersøkingar viste at i fjor utgjorde andelen sykkelreiser 7 prosent av totale reiser i Oslo. Det var ein vekst frå 5 prosent frå 2014, altså en auke på 40 prosent på fire år. Med dei investeringar som er gjort dei siste åra, og dei investeringar som ligg i økonomiplanen for dei neste fire åra, vil det vera rart om ikkje andelen syklande vil nå same veksttakt som dei siste fire åra. I så fall vil meir enn ei av ti reiser utført i Oslo skje på sykkel. I økonomiplanen, vedtatt i bystyret mot Frp sine stemmer, er det lagt til grunn i bruke 380 millionar kroner årleg til sykkelveier. Det utgjer om lag 2,7 prosent av totalt planlagde investeringar i kommunen. Investeringane vil avlaste trafikken på vei og bane, og skape mindre kø og trengsel.

Eg er einig med Upadhyay at det er klare begrensningar kor mange i Oslo som kan bruke sykkel. Ein liten del vil velge å bruke sykkelen om vinteren. Men vinteren i Norge ser ut for å bli stadig kortare, og sykkelsesongen tilsvarande lenger. Særleg fleire unge bruker sykkel. Andelen vil av den grunn også bli større framover. Når folk som ikkje bruker sykkel, oppgir dei mangel på tryggleik som viktigaste årsak. Det betyr at vil ein ha opp andelen, må ein investerer i eigne sykkelveier/felt som skiller dei frå annan trafikk. Dette arbeidet prioriterer dagens bystyrefleirtal, eit parti som utan tvil er på parti med framtida. Der befinn ikkje Frp seg.

Norvald Mo

Leder Stovner – Vestli Arbeiderpartilag og 15. kandidat til bydelsutvalget Stovner