Norvald Mo, Stovner
Norvald Mo, Stovner

Vår tid treng at folk møtes

Akers Avis Groruddalen hadde forleden ein flott artikkel om generalforsamlinga i Bjerke borettslag. Om stort frammøte, engasjement og diskusjon om det som berører bebuarane. Om saker som bebuarane direkte kan vera med å bestemma.

Dette er så bra og så viktig. Særleg i vår tid, da det er så mykje som skjer som vi kan ha meiningar om og uffe oss over, men som det er svært lite vi kan få gjort noko med.

Bjerke borettslag kunne ha bestemt å gjennomføra generalforsamlinga på nett. Truleg ikkje som eit reint nettmøte, men som eit slags hybrid møte. Først eit informasjonsmøte, enten på nett eller fysisk, og så generalforsamling der avstemminga føregår på nettet. Slik gjennomføring er praktisk godt mulig, og under koronaen opplevde vi også at nett var nødvendig for å gjennomføra generalforsamling. 

På veldig mange måtar representerer den teknologiske utviklinga nye muligheiter med raskare og smarte løysingar. Det endrar til dels livet på mange samfunnsområde ganske fundamentalt. Men alt det nye er likevel ikkje nødvendig eller riktig å ta i bruk. Det at bebuarar i eit burettslag kan møtast og ta stilling til viktige ting som vedkjem alle bebuarane om korleis burettslaget skal møta utfordringane sine, har ein stor verdi i seg sjølv. På mange måtar er det ei av ryggradene i det lokale demokratiet. I den tida vi lever i er det viktig at vi har noko å samlast om. At vi har arenaer å møtast på. At vi kan møtast til diskusjon, bryna standpunkt og vera med å fatta vedtak samtidig. Det er slik vi utviklar velfungerande demokrati. Og i den tida vi lever i, som på mange måtar er individualismens tidsalder, og der mange er einsame, er det godt å ha møteplassar som samlar folk om det som er nær oss.

– Det viktigste møtet for din største eiendel

Stortinget vedtok vinteren 2021 endringar i lov om burettslag. Fram til då var det berre høve til å arrangera generalforsamling eller årsmøte som fysisk møte i bustadbyggjarlag og burettslag. 

Det same kravet gjaldt også til gjennomføring av styremøte. Departementet fremma forslag om at slike møte også måtte kunne gjennomførast digitalt, og meinte at digitale møte måtte rettsleg likestillast med fysiske møte. Saka gjekk gjennom i Stortinget i stort tempo. Komitéinnstilling skjedde utan drøfting og debatt. Ingen bortsett frå saksordførar tok ordet, og saka vart banka gjennom einstemmig. 

I dag er det sjølvsagt ingen som vil protestera mot at møte også kan gjennomførast elektronisk. Det var likevel fleire kritiske røyster i høyringsrunden mot likestillinga.  Norske Boligbyggelag viste til at generalforsamling er ein sosial møtearena mellom laget og medlemene, og der viktige saker for bebuarane vert diskutert og behandla. Dei viste også til at tekniske løysingar har avgrensingar med omsyn til å ta ordet og med stemmegivinga.  

Digitale møte kan vera eit godt supplement til fysiske møte, men må ikkje bli erstatning, meinte organisasjonen. Advokatforeininga peika på behovet for munnleg diskusjon og ande forhold av betydning for bebuardemokratiet. Foreininga viste til at der det krevst kvalifisert fleirtal, kan eit digitalt møte berre gjennomførast på ei digital plattform som gir høve til meiningsutveksling og stemmegiving i «sann tid». Altså at avstemming skjer som avslutning på ein debatt. 

No fem år etter er det, i følgje OBOS, vorte meir vanleg at også normale generalforsamlingar i burettslag vert gjennomførte digitalt i form av hybridmøte. Det vil seia at medlemene kan stemma ja eller nei på nettet til forslag som vert fremma, og der ein kan skriva spørsmål og skriva meiningar i «chaten». Dette har likevel store svakheiter framfor eit fysisk møte. Der får dei som deltar høyra styrets presentasjonar og framstillingar, der får ein ta ordet og bryna synspunkt med andre, kandidatar til styre og komitear blir presentert, og så skjer avstemming samtidig. 

Eg håper at alle burettslag normalt gjennomfører generalforsamling slik Bjerke gjorde det. Artikkelen i avisa bør inspirera fleire. 

Norvald Mo,
Stovner