Norvald Mo og Eva Semmerud
Norvald Mo og Eva Semmerud

Ærast den som ærast bør!

I artikkelen i Akers Avis Groruddalen 8. november om møtet vi arrangerte om Stovner bad står det at underteikna «kanskje er den som har jobbet mest og hardest for å få nytt bad til Stovner».

Det er riktig at eg på ulike måtar gjennom meir enn tre ti-år har engasjert meg for badet. Men eg skal på ingen måte ha på meg at eg har «jobbet mest». Mange har gjort langt meir enn meg.

Er det ein person som bør framhevast så er det Eva Semmerud som med ståstad i Arbeidarpartiet på Stovner jobba utretteleg for at Stovner skal få eit godt badeanlegg. Synd at Eva, som gjekk bort for fire år sidan, ikkje får oppleva at badet no blir realitet.

Norvald Mo, sekretær Stovner Arbeiderparti