Då reformen blei sendt på høyring 16. oktober i fjor inneheldt den seks vedlegg i form av utgreiingsarbeid som ulike personar i Oslo kommune hadde utarbeidd. Eitt av vedlegga, vedlegg 1, var kalla «Utredning om barnehagedrift og – eierskap i Oslo kommune». På side 22 i vedlegget står det om barnehagesektoren at «Ressursbruk og produktivitet kan forbedres» og vidare at «Oslo kommune har et potensial for økt produktivitet og mer effektiv barnehagedrift». Det blir vist til behovet for effektiv bemanningsstyring og korleis tilgjengeleg kapasitet kan utnyttast. Bakgrunnen for dette finn ein i tabell 10 der det framgår at antall barnehageplassar pr. årsverk i Oslo kommune i 2024 hadde eit snitt på 5,8 barn pr. tilsett mot landsnormen på 6 (småbarn tel to plasser). I bydelane Stovner og Alna var snittet 5,5 barn. Så står det i rapporten at større bydelar med større barnehagar har eit potensial for å auke gjennomsnittet opp til normen og dermed redusere kostnaden pr. barn.
Å rekne slik er ganske meiningslaust. For utfordringane er ulike, og dermed kan og bør også talet på barn i barnehage pr. bydel vera ulikt. Dessutan synest eg at det er nærast naivt og umusikalsk, med dei ulike utfordringar barnehagesektoren har, å peike på at eitt tiltak for å redusere kostnader er å redusere bemanninga i forhold til tal på barn. Det blir ikkje meir velferd ved at folk må reise lenger for å levere og hente barn i større bydelar med større barnehagar og med redusert bemanning pr. barn.
Korkunc viser til (AAG 16. januar) at reformen skal gi bydelane auka ansvar for sikring av «flere parker og idrettsanlegg». Vedlegg 6 i rapporten har gjennomgang av temaet og gir argument for både å sentralisere og desentralisere. Vedlegget legg vekt på at det i dag «mangler perspektiv for nærmiljøutvikling». Den legg vekt på auka behov for samhandling mellom bydelar og etater, og meiner det bør lagast ein strategi for dette. Den peiker også på at tilrådde løysingar i bydelsreformen «i sum skal bidra til økt kostnadseffektivitet». Om alt dette står det i rapporten at dette «medfører behov for utredning og prosess for å komme frem til omforente løsninger» (side 111). Og rapporten konkluderer bl.a. med på side 177 at byrådet ønsker å overføre «forvaltning, drift, vedlikehold og oppgradering av flere parker, plasser og grøntområder med lavere kompleksitet (mi utheving)». Det står ingenting i rapport eller vedlegg kva «lavere kompleksitet» er for noko, og idrettsanlegg er ikkje nemnt. Er det slikt som plenklipping og rensing av blomsterbedd? Vi må vente på nye utredningar.
Berre desse to eksempla underbygger at det er mykje ved denne reformen vi ikkje veit. Då er det også uansvarleg å legge opp til å vedta reformen no i vår.
Norvald Mo,
sekretær Stovner Arbeiderparti
