En av annonsene fra Aksjon for borgerlig valgseier.
En av annonsene fra Aksjon for borgerlig valgseier.Bilde 1 av 2
Norvald Mo i Stovner Arbeiderparti mener annonsene maler et feilaktig bilde av situasjonen i Norge,
Norvald Mo i Stovner Arbeiderparti mener annonsene maler et feilaktig bilde av situasjonen i Norge,Bilde 2 av 2

Norvald Mo: – Norge går ikkje på dunken

Både i denne og i meir enn hundre andre aviser kan vi veke etter veke lesa to-heilsiders annonser frå «Aksjon for borgerlig valgseier». Vi veit ikkje kven som er med å finansiera annonsane. Det vi veit er at aksjonen vil bruka mange ti-tals millionar kroner på desse annonsane før valgkampen er omme. Med masse grafar og figurar, med både stor og små skrift, er bodskapen at dagens regjering køyrer landet på grøfta, ranar dei formuande som i følge aksjonen er dei som eigentleg byggjer landet, osv.

I ei av annonsane samanliknar aksjonen finansiering av velferdsstaten med det å dela rekninga mellom ti gjester på eit restaurantbesøk. Gjestene er nemnt ved fornamn på ni ulike kjente politiske personar pluss ein stor næringslivseigar. Den totale rekninga for restaurantbesøket for alle desse summerte seg til tusen kroner. Dersom dei hadde fordelt rekninga ut frå kor mykje dei skattar med bakgrunnen i progressiviteten i skattesystemet, skulle dei ni politikarane betalt frå ingenting til i underkant av 200 kroner, medan næringslivspersonen skulle tatt over halve rekninga (590 kroner). Næringslivsmannen er lett å kjenna igjen ved at han er karikaturteikna. Det er Kjell Inge Røkke.

I følgje oversikt Dagens Næringsliv hadde i 2023 Røkke 824 millionar i inntekt og 134 millionar i skatt. Eg trur alle vil meina at når ni politikarar med bra inntekt og ein næringslivsleiar går saman på restaurant deler dei rekninga likt mellom seg. Men annonsa til aksjonen må lesast som at langt på veg burde også skatterekninga delast likt. Standpunktet er meiningslaust, og er eit grunnleggjande brot på tanken om at skatt skal betalast etter evne. Kjell Inge Røkke hadde i 2023 ei skattbar inntekt som var minst 800 gonger større enn for ein stortingsrepresentant. Skatten bør stå i forhold til det, lagt skatteevneprinsippet til grunn. Aksjonen spør i annonsa når venstresida meiner at dei rikaste har svart nok skatt. Svaret er enkelt. Både fattig og rik skal skatta etter evne. Skatteinntektene skal sikra at alle får gratis utdanning, gratis helsehjelp (tilnærma), leveleg pensjon, inntekt ved bortfall av arbeid osv. Slik er den norske modellen. Ei eventuell ny borgarleg regjering vil svekka denne modellen, og det er vel derfor Aksjonen brukar så mange millionar på desse annonsane.

Norge har utfordringar, men Norge går slett ikkje «på dunken» som aksjonen vil ha det til. Det er vekst i investeringar, produktivitet og sysselsetting. Klimautsleppa avtar. Lønstakarane si kjøpekraft vaks med 2,4 prosent i fjor og vil auka med 1,6 prosent i år og renta går nedover. Særleg barnefamilien får det betre – 1800 kroner mindre i månaden for barnehageplass og gratis aktivitetsskole. Talet på barn i fattige familiar går ned.

Norvald Mo i Stovner Arbeiderparti mener annonsene maler et feilaktig bilde av situasjonen i Norge,

Norvald Mo
Sekretær Stovner Arbeiderparti