(Se lenke til Ben Borgens innlegg nederst i saken)
ELEKTRISETSPRISANE er i norsk samanheng uvanleg og uakseptabelt høge. Skulda for dette legg Borgen på EU-tilpassing og manglande respekt for Norge sitt nei til EU-medlemskap.
Eg skal gi Borgen rett i at det i dag kan vera ein samanheng mellom omfang av krafteksport og prisnivå i Norge. Derfor har Arbeidarpartiet sagt nei til nye elektrisitetskablar mot utlandet i denne stortingsperioden. Men å leggja all skulda for den sterke prisauken på EU-tilpassing, er etter mi meining skivebom.
FOR DERSOM DET er eksporten av kraft som er årsaka til prisveksten, burde me ha opplevd slik prisvekst også tidlegare år. Det er ikkje tilfelle. I følgje Statnett har Norge dei siste ti åra (mellom 2012 og 2021) hatt det dei kallar for netto utveksling av kraft på mellom 15 og 20 TWh.
I fjor var den på 17,6 TWh. I 2020 var den på 20,5 TWH. Då var el-prisane nærast ein brøkdel av det vi har opplevd no. Det må derfor vera andre forhold enn kraftutvekslinga som har skapt dei høge prisane. Klimatiske forhold med lite nedbør, lite vind, høge kvoteprisar (som einkvar miljøvernar bør vera for), samt ekstremt høge gassprisar, nemner ikkje Borgen med eit ord.
DET ER INGEN TVIL om at kraftutveksling mellom ulike deler og regionar i Norge har ført til lågare prisar, og behov for mindre kraftutbygging enn om krafta hadde blitt verande innelåst, slik det var i «gamle dagar». Slik har det også vore med kraftutveksling Norge har hatt med andre land heilt sidan 1960-talet.
Det har tent oss godt. Det betyr dermed ikkje at vi skal halda fram med å auka overføringskapasiteten. Jo meir den aukar, jo større er risikoen for at andre lands prisnivå vil kunna reflektera vårt nivå.
BORGEN OMTALAR den offentlege eigarskapen til kraftressursane som om den skulle vera ein råkapitalist av verste sort. Slik er det ikkje. For det første har den offentlege eigarskapen sikra oss at det er blitt inngått ei mengd kraftkontraktar med industrien til langsiktige vilkår. For det andre går verdiane av produksjonen inn både som grunnrente til stat og fylke, og som utbytte overført til statsbudsjett og kommunebudsjett.
Siste døme på det var budsjettforliket i Stortinget før jul, der auka utbytte frå Statkraft var eit viktig bidrag for å saldera eit budsjett som også inkluderte feriepengar for dagpengemottakarar.
ARBEIDARPARTIET er for ein sterk offentleg eigarskap til kraftressursane. Ap har gått imot når borgarlege parti både på Stortinget og i Oslo bystyre har gått inn for privatisering. Ap no i regjering og på Stortinget gjekk inn for betydelege støtteordningar som har gjort at den prisen forbrukaren betalar for straumen er klart lågare enn det kraftprisen er desse månadane.