Birgit var ei vaskeekte Grorud-jente. Her gjekk ho på skule og her budde ho mesteparten av livet. Ho vaks opp i eit arbeidarmiljø der respekt og omtanke for kvarandre, song og musikk kom til å prege aktivitetane ho valde gjennom livet. Det vart alltid god stemning når ho tok fram trekkspelet eller sette seg ved pianoet. Musikk vart både eit arbeid og ein aktivitet på fritida. Ho var ein mykje etterspurd underhaldar i både små og store lag.
Birgit var mor til Åshild og Håvard, bestemor til Line, Kristiane og Marius og oldemor til Ask og Oliver. Birgit var stolt av «flokken» sin. Ofte sa ho at det ikkje fanst ord som kunne beskrive kor godt dei hadde det saman og kor mykje familien betydde for henne. Det gode samhaldet fekk ekstra stor betydning for henne når ho vart sjuk. Alle, kvar på sin måte, var til hjelp og trøyst for henne. Dei tunge dagane vart litt lettare å bere når ho kunne dele dei med sine eigne. Når vi snakka om tida som hadde vore, så var det så mange ting ho kunne sjå attende på med glede. Ho hadde levd eit rikt liv og var takknemleg for at ho hadde gjennomført ting som ho ikkje greidde no lenger.
Birgit var oppteken av å halde lokale tradisjonar i hevd, slik at dei kunne vere til både glede og nytte for komande slekter. Ho hadde i mange år samla på gamle viser frå til dømes steinhoggarmiljøet og ungdomslivet på Grorud. Ho kunne fortelje mykje om losjen, IOGT og bedehusmiljøet på Grorud, institusjonar og foreiningar som betydde mykje for mange i tøffe tider. Tradisjonen med å synge jula inn har eksistert i mange år, og Birgit var med på å arrangere dette. Ho var godt kjend med kva som fanst av ulike songkor, musikkorps og solistar. Alle ville ho ha med på denne førjulskonserten, og det fekk ho til, kvart år.
Grorud kyrkje og området kring kyrkja betydde mykje for Birgit. Det er kan hende ikkje til å undrast over når vi veit at fleire av forfedrane hennar hadde vore med på å få reist kyrkjebygget. Mange av dei ideane som ho fekk sett ut i livet, hadde ei eller anna tilknyting til nettopp kyrkja. Groruddalen arbeiderkor har tradisjon med å samlast i kyrkja til solidaritetsgudsteneste 1. mai etter appellar og kranselegging på kyrkjegarden og frukost i meinigheitshuset før reisa til byen for å ta del i den store markeringa. Det var viktig for Birgit å kome i kyrkja 1. mai kvart år, også i år. På steinhoggarfestivalen som vert skipa til kvar haust, er omvising i kyrkja ein fast post på programmet. Birgit har hatt ansvar for omvisinga.
Området kring kyrkja og meinigheitshuset er vakkert og må heile tida haldast ved like. Dette er arbeidsoppgåver som Birgit saman med andre frivillige har brukt mykje tid og krefter på å få til. Både restaureringsarbeid og nyinnkjøp har kosta pengar, og alt er finansiert med frivillige gåver frå personar frå Grorud. Alt arbeid som er utført med kyrkja, og alle dei tinga som er skaffa inne i sjølve kyrkjerommet, er godkjende av riksantikvaren. Den siste store oppgåva som Birgit var med på, var restaurering av Vigelands freskomaleri (altertavla). Komiteen som tok fatt på denne oppgåva brukte sju år på arbeidet før planane vart godkjende og arbeidet kunne gjennomførast. Store delar av utgiftene vart finansierte over statsbudsjettet for 2023.
Birgit har vore aktiv i kyrkja i mange år. Ho har mellom anna vore kyrkjetenar, skriftlesar og vert ved Open kyrkje. Også i tida som Birgit har vore sjuk, har ho vore aktivt med i kyrkja. Det er heilt imponerande korleis ho har takla sjukdommen og gjennomføringa av alle dei oppgåvene som har betydd så mykje, både for henne og oss andre. Grorud meinigheit og lokalmiljøet er svært takksame for alt ho har fått gjort for fellesskapet.
Ei vakkert pynta kyrkje, minneord frå familien og Grorud arbeiderkor, gode og trøystande ord frå presten Tone Marie Falch, tekst- og bønelesing av diakon Birgit Kinn Hanstensen, vakker solosong av Eirik Krokfjord og organist Marta Tsvettsikh utgjorde ei fin ramme. Bisettinga i kyrkja vart ein verdig og fin avskjed med Birgit.
Ingrid Haddal