Stein-Roald Rognmo (t.v.) er avtroppende president i Grorud Lions, og Anders Bjørnsen tar nå over roret. Foto:
Stein-Roald Rognmo (t.v.) er avtroppende president i Grorud Lions, og Anders Bjørnsen tar nå over roret. Foto:Bilde 1 av 1

Skifte av president i Grorud Lions

I juni månad slutta Stein-Roald Rognmo som president i Lions Club Oslo-Grorud etter to aktive år. Anders Bjørnsen vart vald til ny president. Anders tek over ein Lions-klubb der han og dei andre medlemene er opptekne av å arbeide etter retningslinene som er nedfelt i Lions mål og etter Lions etiske norm.

Grorud Lions er medlem i Lions Club International, ein verdensomspennende frivillig organisasjon. Organisasjonen er politisk og religiøst nøytral og har felles mål og felles verdigrunnlag. Gjennom Lions ynskjer vi å gjere kvardagen litt lettare for dei som har det vanskelig, enten dei bor i nabolaget vårt eller i eit heilt anna land. Grorud Lions er ein såkalla «blanda» klubb. Det inneheld at klubben har både kvinner og menn som medlemer.

For å synleggere korleis vi er med på det omfattande arbeidsfellesskapet vil eg kome med nokre døme. Eg tek utgangspunkt i eit par av bestemmelsane i Lions mål, «Streve trottig for bedre tilhøve i samfunnet, og hjelpe den som er i naud», og Lions etiske norm, «Vise medkjensle med dei som lid, støtte dei veike og hjelpe dei som treng det».

Lokalt

Grorud Lions er opptekne av å ta vare på, og å vere synlege i nærmiljøet vårt. Eit nærmiljø som vi bryr oss om, og som vi tek vare på gjennom heile året med mellom anna økonomisk støtte, praktisk hjelp og aktivitetar for ulike aldersgrupper.

Oppgåvene er mangslugne frå å skaffe til veges brensel og strøsand til eldre som treng dette i vinterhalvåret, til å invitere og stelle i stand grillfestar for beboarane ved dei ulike sjukeheimane våre. Her er og mange frivillige aktivitetar som får økonomisk støtte.

Dei siste åra har ei av hovedoppgåvene til klubben vore å tlby kurset «Mitt Valg». Eit kurs som er utarbeidd av Lions internasjonalt og tilpassa norske forhold. Alle som arbeider med born og ungdom i idrettslag, barnehage, barne- og ungdomskule samt vidaregående skule får tilbud om å delta på kurset, eit kurs i holdningsskapende arbeid som skal hjelpe born i å bygge, og vidareutvikle, sosial og emosjonell kompetanse. Kursa vert gjennomførde av spesialutdanna instruktørar.

Nasjonalt

Gjennom fleire år har Lions gitt økonomisk støtte til drifta av Lions Blindeførarskule. Eit anna stort økonomisk arbeidsfellesskap for alle Lions-klubbane i landet er det å vere med på bygging og drift av Beitostølen Helsesportsenter.

Inntektene frå Lions Røde Fjær 2020 skal gå til bygging av eit familie- og kompetansehus på helsesportsenteret. Senteret arbeider for at alle funksjonshemma born skal ha likeverdige muligheiter uavhengig av funksjonsnedsettelse, etnisk bakgrunn og bustad.

Internasjonalt

Vi som er medlemer i denne internasjonale organisajonen har mottoet «We Serve», eller «Til Tjeneste» som det heiter på norsk. I meir enn 25 år har vi i Lions vore opptekne av å støtte blinde. Det er om lag 1 pst. av verdas befolkning som er blinde, og om lag 80 pst. er unødvendig blinde. Det er blitt bygd øyeklinikkar og poliklinikkar i fleire land. Mange titusener har vorte operert og fått synet attende, og hundretusener har fått kunnskap om korleis dei kan ta vare på synet.

Det vert planlagt nye prosjekt der måla er det same – å hjelpe dei som treng det. Lions internasjonalt har no på det nye programet sitt fokus på fem hovedområder; diabetes, miljø, sult, syn og barnekreft.

Mange av lesarane lurer sikkert på om det er vi som medlemer som betaler for alt dette som Lions gjennomfører. Det er det ikkje. Bortsett frå vanlig medlemskontingent, så «betaler» vi med arbeidsinnsats, at vi gir av fritida vår for å hjelpe andre.