Utviklinga av persontogtilboda vil i stor grad rette seg mot reisande som pendlar inn og ut av dei største byområda. For godstransport på bane prioriterer regjeringa tiltak for kombitransporten, som er i sterk konkurranse med vegtransporten.
– Regjeringa foreslår å bruke 400 milliardar kroner på jernbanen dei neste 12 åra. Det er mykje pengar. Men moderniseringa av jernbanen må halde fram for at han framleis skal vere attraktiv. I tillegg til ny infrastruktur og betre vedlikehald av dagens jernbane, er digitalisering eit viktig stikkord. Nytt digitalt signalanlegg og betre nettdekning for dei reisande vil utgjere sentrale element av moderniseringa, seier samferdselsministeren.
InterCity – betre rutetilbod og reduserte reisetider
Om lag 75 milliardar kroner har blitt investert i InterCity-prosjekta til no. Ei av dei største samferdselssatsingane i Noreg er utviklinga av betre togtilbod på InterCity-strekningane på Austlandet.
– Denne satsinga bind bu- og arbeidsmarknadene betre saman og styrker konkurranseevna til persontoga. I planperioden vil mange austlendingar oppleve at avgangsfrekvensen aukar, medan reisetida blir redusert, seier Hareide.
Av ei samla ramme på drygt 200 milliardar kroner til jernbaneinvesteringar i Nasjonal transportplan 2022-2033, er om lag 50 milliardar kroner sett av til å fullføre og starte nye utbyggingsprosjekt på dei fire InterCity-strekningane i den første seksårperioden.
Ringeriksbanen: Det er lagt opp til anleggsstart for fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss i første seksårsperiode. Banedelen av prosjektet blir ein ny jernbane på om lag fire mil mellom Sandvika og Hønefoss, med ny stasjon på Sundvollen. Dette vil redusere reisetida med tog mellom Oslo og Hønefoss og vidare til/frå Bergen med om lag ein time. Ringeriksbanen vil realisere eit nytt høgfrekvent InterCity-tilbod mellom Oslo og Hønefoss, med ei reisetid på om lag ein halv time. Ringeriksbanen gjer det òg mogleg å auke avgangsfrekvensen for fjerntoga mellom Oslo og Bergen.
Vestfoldbanen: Ferdigstilling av prosjekta Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker gjer det mogleg med opptil fire tog i timen etter kvart som behovet aukar og ein reisetidsreduksjon på 10-14 minutt mellom Oslo og Tønsberg. Mot slutten av første seksårsperiode blir det anleggsstart for prosjektet Stokke-Sandefjord. Dette vil gjere det mogeleg med to tog i timen i grunnrute mellom Oslo og Skien, ei dobling frå i dag. Alt i alt vil dei tre prosjekta redusere reisetida mellom Oslo og Skien med 15-20 minutt.
Dovrebanen: Ferdigstilling av prosjekta Venjar-Eidsvoll-Langset og Kleverud-Sørli-Åkersvika vil redusere reisetida med om lag 20 minutt mellom Oslo og Hamar. Dette gjer det mogleg å auke kapasiteten til to tog i timen mellom desse to byane, mot timesfrekvens i grunnrute i dag.
Østfoldbanen: Ferdigstilling av Follobanen og prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad vil redusere reisetida mellom Oslo og Moss med om lag 13 minutt og auke frekvensen på lokaltoget mellom Oslo og Moss.
I andre seksårperiode har regjeringa som ambisjon å gi eit betre InterCity-tilbod til dei reisande mellom Hamar og Lillehammer på Dovrebanen og mellom Moss og Halden Østfoldbanen. Her er det naudsynt med meir arbeid for å finne gode løysingar som kan gjere det mogleg å auke frekvensen og redusere reisetid.
Det blir lagt opp til å arbeide vidare med planane om ein ny jernbanetunnel gjennom Oslo, for å gjere det mogleg med oppstart av prosjektet i andre planperiode. Ein ny tunnel vil doble kapasiteten i jernbaneinfrastrukturen gjennom hovudstaden, slik at rutetilbodet for både person- og godstog kan bli enda betre. Ein ny tunnel vil bidra til meir punktlege tog og betre regularitet i trafikken på Austlandet. Tiltaket vil òg gi positive ringverknader på driftsstabiliteten i togtrafikken andre stader i landet.
Betre nettdekning
– I Noreg er vi godt vande med mobiltenester av høg kvalitet. Langs jernbanen er ikkje kvaliteten alltid like god. Mange passasjerar vil nok seie at reisetida blir meir meiningsfull når du kan starte arbeidsdagen eller sjå på film om bord.For å gjere perontogtilboda meir attraktive, vil regjering leggje til rette for investeringar som gir betre nettdekning langs jernbanen, seier Hareide.
Regjeringa legg opp til å bruke 2,6 milliardar kroner til utbetring av nettdekninga langs jernbanen i planperioden.. Tiltaka vil vere retta mot investeringar i tunnelane. I friluft blir det tatt utgangspunkt i kommersiell utbygging. Regjeringa vil ta stilling til strategi for utbygging av nettdekning langs jernbanen i løpet av våren 2021.
Meir driftsstabil togtrafikk: Redusert vedlikehaldsetterslep og nytt signalanlegg
Dagens infrastruktur må tole auka bruk, slitasje og klimapåkjenningar Over 90 prosent av det om lag 400 mil lange jernbanenettet blei bygd for meir enn 60 år sia.
– For at folk og næringsliv skal ha tillit til toga, må dei kome og gå når dei skal. Punktlege tog og god regularitet er difor heilt avgjerande for at dei reisande framleis vil velje tog. For å gjere driftsstabiliteten betre, prioriterer vi vedlikehald og fornying av infrastrukturen. Vi veit òg at innstillingar og forseinkingar ofte er eit resultat av feil på signalanlegga. Utbygginga av eit nytt, felles signal- og sikringssystem på heile jernbanenettet skale redusere omfanget av desse problema, seier samferdselsministeren.
Nivået på vedlikehald og fornying skal stanse auken i vedlikehaldsetterslepet i første seksårsperiode, sjølv om presset på infrastrukturen tiltar. Knekkpunktet er venta å bli i 2024/2025, med eit etterslep på om lag 25 milliardar kroner. Frå dette toppunktet er det lagt opp til å redusere vedlikehaldsetterslepet med om lag 10 milliardar kroner, eller over ein tredel, fram mot 2033.
Mange signalanlegg er i dag i bruk på den om lag 400 mil lange jernbanen i Noreg, fleire av dei med til dels utdatert teknologi. I planperioden skal om lag 20 milliardar kroner investerast i å innføre det digitale signalsystemet ERTMS på jernbanenettet. Mot slutten av planperioden er det lagt opp til at nær heile det om lag 400 mil lange jernbanenettet vere utstyrt med ERTMS. Denne moderniseringa skal mellom anna redusere talet på innstillingar og forseinkingar, gjere togtrafikken endå sikrare, effektivisere drifta av togtrafikken og gi betre og raskare informasjon til dei reisande.
Prioriterer å styrke konkurranseevna til kombitransporten
Konkurransekrafta til den skjenegåande transporten av særskilte varer som malm og tømmer er generelt god. Frakta av stykkgods, kombitransporten, har derimot hatt ein krevjande periode sia toppåret 2008, ikkje minst på grunn av hard konkurranse frå lastebilnæringa.
– Det er veldig bra at det kjem meir klimavenlege lastebilar på marknaden. Uansett er det positivt for vegtrafikken at meir gods kan gå på bane på delar av strekninga mellom produsent og forbrukar. Det bidrar til mindre kø, betre trafikktryggleik og reduksjon av miljøutslepp, til dømes mikroplast, i vegtrafikken. I ny NTP er merksemda difor spesielt retta mot tiltak som kan styrke konkurranseevna til kombitransport på bane på dei lange strekningane, seier Hareide.
I første planperiode prioriterer regjeringa effektpakker for kombitransporten og terminaltiltak. Dette omfattar i første rekkje forlenging og bygging av nye kryssingsspor på strekningane Oslo-Bergen, Oslo-Trondheim, Oslo-Kongsvinger-Narvik via Sverige og Trondheim-Bodø. Dette vil gjere det mogleg å køyre lengre godstog og redusere transportkostnader for næringslivet.
For å auke kapasitet og effektivisere drifta på viktige godsterminalar, er det vidare lagt opp til å gjennomføre tiltak på Alnabru i Oslo, Nygårdstangen i Bergen og Narvikterminalen. I Trondheim er planen å frigi areala på Brattøra til byutvikling og på lengre sikt samle all terminalverksemd på Heggstadmoen.
Regjeringa legg òg opp til gjennomføring av mindre godstiltak. Desse vil i hovudsak bli retta mot å effektivisere tømmertransporten, og oppretthalde og opne for nye marknader innan kombitransport.
Fleire av dei store utbyggingsprosjekta på jernbanen gir òg positive effektar for godsnæringa på jernbane, i form av redusert reisetid eller auka kapasitet i infrastrukturen. Den planlagde reduksjonen i vedlikehaldsetterslepet og innføringa skal gradvis gjere godstoga meir punktlege og auke regulariteten.
Økonomisk ramme og porteføljestyring
I planperioden er 392 milliardar kroner sette av til jernbaneformål, med andre ord eit årleg gjennomsnitt på om lag 32,5 milliardar kroner.
Den økonomiske ramma til Jernbanedirektoratet er fordelt med
– 206,9 milliardar kroner til investeringar
– 131,8 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying
– 46,8 milliardar kroner til kjøp av persontransport med tog
– 7,5 milliardar kroner til forvalting.
I første seksårsperiode er over 40 milliardar kroner sett av til å fullføre store pågåande investeringsprosjekt, medan over 30 milliardar kroner er prioritert til nye investeringsprosjekt.
Regjeringa vil innføre porteføljestyring i transportsektoren. Dette betyr at fagetatane og transportverksemdene får større fridom til å prioritere rekkjefølga for gjennomføring av utbyggingsprosjekta i første seksårsperiode, etter korleis ulike prosjekt når opp i konkurransen med andre prosjekta i porteføljen, det vil seie lista fagetaten eller verksemda har over moglege prosjekt. Hensikten er å få mest mogleg ut av skattebetalaranes pengar.