Ingrid Haddal, Grorud. Foto:
Ingrid Haddal, Grorud. Foto:Bilde 1 av 1

Groruddalsdebatt:

8. mars – Den internasjonale kvinnedagen

Den internasjonale kvinnedagen vert feira og markert kvart år. Fyrste gongen var i 1915 her i landet, 2 år etter at norske kvinner fekk allmen stemmerett og valgbarheit til stortingsvalg. Kvinnedagen vart feira kvart år fram til 1929. Det er uvisst kvifor markeringa forsvant.

Det heile byrja som eit nasjonalt opprør i USA i 1908. Kvinnene sin kamp for stemmerett og kvinnelege fagforeningar sin kamp for rettigheiter var bakgrunnen for opprøret. Dagen vart i utgangspunktet vedteken som ei nasjonal markering av det amerikanske sosialistpartiet. Fyrste markeringa blei halde 28. februar 1909.

I 1910 var den fyrste internasjonale kvinnekonferansen arrangert i København. Den tyske marxisten Clara Zetkin fekk gjennomslag for å innføre ein internasjonal kvinnedag den 8. mars. Dagen skulle vere ein kampdag for den sosialistiske kvinnebevegelsen, i fyrste omgang som eit verkty i kampen for kvinnelig stemmerett.

Vi har vore heldige å ha hatt mange dyktige kvinner som har kjempa for oss medsøstre. Det er fristande å nemne mange av foregangskvinnene. Det skal eg ikkje gjere i denne omgangen, men eg kjem ikkje utanom steinkjærkvinna Fredrikke Marie Qvam, også kalla «Sanitetskvinnenes mor» og «Korridorens dronning». Ho var ei av dei som var sterkt inne i kampen for at kvinner skulle få stemmerett. Ho engasjerte seg i prostitusjon og var særlig oppteken av kvinners økonomiske uavhengigheit.

Ho engasjerte seg for å betre kvinnene sine moglegheiter for utdanning og økonomi, og arbeidde iherdig mot vold mot kvinner. Fredrikke starta opp Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) i 1896. I fokus for foreningsarbeidet stod helse for kvinner og born. Det var sanitetskvinnene som starta opp med helsestasjonsarbeid her i landet. Dette arbeidet vart drive av foreninga fram til staten tok over drifta på 70-talet. Fredrikke Marie Qvam døydde i 1938.

Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund vart stifta i 1945 av kvinner frå heile verda. Dei tok opp igjen feiringa og markeringa av 8. mars. Forbundet brukte kvinnedagen til fredsdemonstrasjonar i 50- og 60-åra.

Sjølv om det kan følest «tungrodd» å oppnå likestilling i samfunnet vårt, så kan det kan hende vere oppmuntrende å sjå litt på noko av det som har kome oss kvinner/menn til gode.

For om lag 100 år sidan var prevensjonsrettleiing ulovlig her i landet. PÅ 60-talet kom p-pillen. Den gav kvinner råderett over eigen kropp, noko som har vist seg å vere sentralt om ein skal bestemme over eige liv. Historia viser at kvinner sin tilgang til å styre familieplanlegging har vore viktig i kampen mot fattigdom.

I samband med FN sitt internasjonale kvinneår i 1975, vart dagen i 1977 stadfesta som internasjonal kvinnedag av FN. Resolusjonen frå hovedforsamlinga stadfesta at alle medlemslanda skulle markere ein verdsdag for kvinnerettigheiter og internasjonal fred.

Vår likestillingslov vart vedteken i 1978. Formålet med lova er å fremje likestilling mellom kjønna i alle deler av samfunnet.

Lova forbyr både direkte og indirekte diskriminering på grunn av kjønn, og den stiller krav om aktivt arbeid for likestilling. Lova gir klare reglar om korleis den skal handhevast, og kva rettslege reaksjonar som eksisterer dersom lova vert broten.

I 1978 fekk kvinner rett til sjølbestemt abort. Det kunne vere freistande å kommentere nokre av drakampane vi har vore vitne til mellom dei ulike politiske partia både kva gjeld ordlyd i lova og av korleis ein kan praktisere bestemmelsane. Dette får vente til seinare. Av andre milepælar i åra vidare kan nemnast rett til barnehageplass og fødselspermisjon, viktige milepælar som er med på at kvinner kan leve sjølvstendige liv.

Ingen av dei «likestillingsgodene» som har vorte gjennomført gjennom åra har kome av seg sjølv. Vi har mange sterke, aktive kvinneorganisasjonar og foreningar her i landet. Eit nært samarbeid mellom desse og styresmaktene er heilt nødvendig for å kunne oppnå likestilling.

Det er ei kjent sak at tillitsverv gir makt. Eg kunne sjølvsagt omtalt mange foreningar som gjer eit framifrå arbeid for å bedre likestilling. Eg vel å nevne N.K.S. Grunnen til valget mitt er kjennskapet eg har til noko av det arbeidet foreninga driv. I over 120 år har sanitetskvinnene arbeidd etter den same modellen som dei i utgangspunktet starta med; bygge opp kvinners stilling og rettigheiter. Høgt på prioriteringslista står styrking av rettigheiter og tiltak. Ei anna av fanesakene for N.K.S. er kampen mot vold og voldtekt mot kvinner. Vold har fleire aspekt: det er eit juridisk problem, det er eit menneskerettsproblem og det er eit folkehelseproblem. Den nyaste utfordringa i denne problemkretsen er den stadig aukande digitale volden. N.K.S. har nulltoleranse mot vold.

Innan medisinsk forskning er ikkje kvinner likestilte. Fleire frivillige organisasjonar og foreningar er aktivt og økonomisk med i forskningsarbeidet. Det er ei kjent sak at kvinner og menn vert ramma av sjukdom på ulikt vis. Det vert forska på kvinners helse og det trengs meir forskning. Seksuell trakassering har vorte eit stort samfunnsproblem. Ingen skal finne seg i dette uansett alder eller kjønn.

Integrering av minoritetspersonar er viktig i samfunnet vårt. Vi har erfaring med at innvandrerkvinner bruker lenger tid enn innvandrermenn på å bli ein del av samfunnet. Mange tilbod er på gang. Det er oppretta møteplassar der ein snakkar norsk, språkopplæringskurs osv, men alle har vi behov for andre ulike sosiale nettverk. Ved å kunne kommunisere med kvarandre vil vi f.eks. kunne gi og ta imot informasjon om ulike kulturar, om muligheiter for å delta i aktivitetar, få kunnskap om lover, reglar, rettigheiter og krav som stillast til oss som samfunnsborgarar. Integreringsarbeid er eit dugnadsarbeid der språktrening er ein viktig del. Forskning viser at det å føle at ein høyrer til, at ein er ein del av miljøet og samfunnslivet, styrkar helsa vår både psykisk og fysisk.

Gratulerer med dagen!