Samtidig som vi vil gjere det billegare for alle å nytte seg av barnehagetilbodet, vil prisen bli ytterlegare seinka i dei mest spreidtbygde kommunane. I desse kommunane vil barnehageprisen bli halvert. For ein familie med 2 barn i barnehage i ein kommune med 30 prosent syskenrabatt, betyr dette eit kutt i utgifter på vel 28 000 kroner i året.
- Å gjere barnehagen gratis for alle som bur i tiltakssona i Finnmark og Troms.
- Å gjere barnehagen gratis frå tredje barnet for foreldre som har fleire barn i barnehagen samtidig
- Å innføre 12 timars gratis SFO per veke for 1. og 2. trinn.
- Å auke barnetrygda.
I 2024 vil regjeringa fortsette velferdssatsinga på barnefamiliane. Vi vil skape ein trygg familiepolitikk for dei minste og familiane deira.
Gode barnehagar er viktig for alle barn, foreldra og samfunnet. Då må vi ha barnehagar som er tilgjengelige for alle, uavhengig av bakgrunn og foreldreøkonomi.
Kjersti Toppe,
barne- og familieminister
Senterpartiet